Telefon: 715 23 138
Mobil: 905 27 878 (Jon Ingvald)
Mobil: 997 38 133 (Unni)
Adresse:
Røsand, 6530 Averøy
E-mail:
jonike@gmail.com (Jon Ingvald)
underkh@gmail.com (Unni)
© Aqua Naturmedisinske Senter 2010
 
  Forsida
 
  TankeFelt Teknikkar
  CITE
  Reconnective Healing
  Den grøne supermaten  Test 4 Life - Omega 3  LGS og matintoleranse  Detox 2010  Dei nye energiane 2010  Aromamassasje  Fotsoneterapi  Klassisk Massasje  Oppretting rygg og nakke
 
  Besøksadresse og kart

TankeFeltTeknikkar

”Den moderne metoden som stimulerer kroppens eige reparasjonssystem”

TFT kan mellom anna brukast ved:

Om TankeFeltTeknikkar (TFT)

TFT er ein metoden som kombinerer austleg kunnskap om kroppen sine energibanar og tradisjonell tankegang innan kognitiv psykologi. TFT brukar dei same energibanane som ligg til grunn for kinesiologi, akupunktur og soneterapi.

Mange har kanskje prøvt tradisjonelle former for terapi, ofte utan den effekten ein skulle ønskje. Dei kan kome fram til ei djup forståing av problem og årsaker, men utan at dei irrasjonelle følelsane og uønska spenningar forsvinn. Då er TFT eit verktøy som stadig oftare blir brukt.

Med TFT beheld du sjølvsagt evna til å føle frykt, sorg eller for eksempel smerte. Det vi prøver med TFT, er i størst mogeleg grad å endre intensiteten i dei ubehagelege følelsane slik at dei blir meir riktige i forhold til det ein tenkjer på eller opplever. Dersom sterke følelsar avtar, vil dette kunne bli avløyst av sinnsro og fråvære av fysisk ubehag.

Dr. Roger Callahen har utvikla og forska på metoden i 30 år (frå 1979). Han er psykolog med meir enn 50 års erfaring.

Mats J. Uldal innførte metoden til Norge i 1997. Han har mange års erfaring som rettleiar innan toppidrett og næringsliv. Han er den mest erfarne TFT-instruktøren i Europa, og er grunnleggjar av Mats Uldal International School of TFT (MUIS) og Feel Free Norway. MUIS er leiande innan utdanning av nye tankefeltterapeutar i Europa. Gjennom dei seinare åra har han utvikla Callahans tankefeltterapi vidare ved å tilføre fleire teknikkar som aukar effekten av metoden. Vi kallar den forbetra metoden for tankefeltteknikkar.


Korleis

TFT blir gjennomført ved at du som klient fokuserer på problemet ditt samtidig som terapeuten stimulerer punkt på kroppen sine energibanar med lett fingerbanking etter bestemte mønster. Undervegs stiller terapeuten spørsmål for å avdekke følelsane som ligg til grunn for ubehaget. Stimulering av punkta kan føre til at ubehaget / spenningane blir dempa eller opphøyrer.

TFT utnyttar kroppen sitt eige reparasjonssystem. Denne forma for behandling har ingen kjente uønska verknader.

Hos tankefeltterapeuten får du opplæring i korleis du kan behandle deg sjølv. Slik får du eit unikt verktøy som du kan bruke ved behov.


Kva krev TFT av deg som klient?

At du er viljug til å innsjå at du har eit problem, og at du ønskjer å bli kvitt problemet. Det er heilt greitt å vera skeptisk eller tvilande, fordi TFT kan utførast uansett kva klienten tenkjer om metoden.

Dersom du ikkje vil fortelje så mykje undervegs, påverkar ikkje dette eit eventuelt resultat. Det viktigaste er å fininnstille tanken på det som utløyser dei vonde følelsane, eller på sjølve følelsen.

Visjon

Vi ønskjer å dele vår visjon med deg:
”Vi skal etablere tankefeltteknikkar som det anerkjente førstevalet for å handtere problem med følelsar og spenningstilstandar, nasjonalt og internasjonalt. Tankefeltteknikkar skal bli assosiert med optimalisering av livskvalitet og prestasjonsevne.”

TFT-pakken

Vi tilrår alle å starte med ein pakke på 5 klokketimar. Pakken består av kartlegging og behandling av ein tankefeltterapeut som er godkjent for å delta i kvalitetsnettverket Feel Free Norway. I tillegg lærer du sjølvhjelpsteknikkar som du kan bruke på deg sjølv og dine næraste for å oppnå auka livskvalitet resten av livet.
Den første konsultasjonen varer til vanleg 1,5 time. Den resterande tida legg du opp saman med terapeuten etter behov. Dersom det er behov for fleire timar, blir desse betalt pr. gong.
Gi deg sjølv eller nokon du er glad i denne sjansen til eit betre liv.

Fornøgdgaranti

Får du ingen respons på TFT allereie i løpet av første time, kan du velje å avslutte behandlingspakken.


Kven er vi?

Eg, Jon Ingvald Håbrekke, er utdanna gjennom Mats Uldal International School of TFT (MUIS) og av Roger Callahan (dx-utdanning). Eg ha rein samarbeidsavtale med Mats Uldal AS.
Alle samarbeidsterapeutar i Mats Uldal AS brukar tankefeltteknikkar som behandlingsmetode, slik Mats Uldal har vidareutvikla Roger Callahan sin metode. Terapeutane i nettverket står for kvalitet, tryggleik og kompetanse. Vi som er med i nettverket har forplikta oss til å halde oss fagleg oppdaterte, følgje felles verdiar, og vi skal vera med i den landsomfattande fagorganisasjonen NLH. Vi skal i tillegg oppfylle dei krava som blir stilt for å vera registrert i ”registeret for alternativ behandling” i Brønnøysundregistera.

Meir informasjon på
www.feelfreenorway.no