Telefon: 715 23 138
Mobil: 905 27 878 (Jon Ingvald)
Mobil: 997 38 133 (Unni)
Adresse:
Røsand, 6530 Averøy
E-mail:
jonike@gmail.com (Jon Ingvald)
underkh@gmail.com (Unni)
© Aqua Naturmedisinske Senter 2010
 
  Forsida
 
  TankeFelt Teknikkar
  CITE
  Reconnective Healing
  Den grøne supermaten  Test 4 Life - Omega 3  LGS og matintoleranse  Detox 2010  Dei nye energiane 2010  Aromamassasje  Fotsoneterapi  Klassisk Massasje  Oppretting rygg og nakke
 
  Besøksadresse og kart

Aromamassasje

Aromamassasje er ein fryd av velvære og avslapping

Behandlinga er ein behageleg og avslappande massasje med eteriske oljer som kan vera oppkvikkande eller avstressande. Eteriske oljer er plantene sine hormon og blir framstilt frå deler av tre eller urter. Dei kan bidra til positiv lindring av både fysiske og psykosomatiske plager. Oljene drep bakteriar, sopp og virus, og har elles mange gunstige eigenskapar.

Massasjen stimulerer blod og lymfesystemet og styrker immunforsvaret. Høgt blodtrykk, muskelspenningar og opphoping av væske kan bli redusert. Aromamassasje kan gjere godt også for plager som dårleg søvn, stress, problem i fordøyinga og lite energi. Med andre ord: Aromamassasje er velgjerande for kropp og sjel.

 

Førebygging og anna bruk

Aromamassasjen kan ikkje fjerne alt som stressar oss, men kan hjelpe oss til å takle stress betre. Ved behandling med aromamassasje slappar ein heilt av. Du blir massert i roleg tempo og ofte til roleg musikk. Ei slik reise kan vi alle fortene iblant. Aromaterapi kan difor også brukast i førebyggande helsearbeid.

Aromaterapi blir dessutan brukt ved stressrelaterte sjukdomar, hormonelle problem, kvinneproblem som PMS, problem ved overgangsalder, revmatiske plager, hudproblem, muskelsmerter, problem i luftvegane, med angst eller søvn, hovudverk, fordøyelseplager, under og etter graviditet og depresjon. Ein del aromaterapeutar meiner at dei eteriske oljene har ein antibakteriell effekt og kan verke stimulerande når sår skal gro.

 

Støttar og styrker heile mennesket

Aromamassasje får deg til å roe ned og er særleg bra for deg som treng å stresse ned. Massasje med eteriske oljer gir fysisk og psykisk velvære. Oljen blir tatt lett opp av huda og gjennom sanseorgan, slik som lukt. Difor vil kroppen gjere seg nytte av dei eteriske oljene saman med massasjen. Massasjen regulerer kroppen sitt energisystem og har difor mange bruksområde.

 

Forsking med meir

I Frankrike er over 1200 legar utdanna i faget og i England er aromaterapi eit tilbod ved ei rekkje kjente sjukehus og institusjonar.

Ei rekkje vitskaplege undersøkingar viser at massasje lindrar smerte, reduserer stressnivå, roar nervesystemet, betrar immunforsvaret, reduserer stivheit og styrker muskulatur, sener og ledd.

Det er gjort ei rekkje studiar både utanlands og i Norge:

  1. Eit Cochrane-oversyn for forsking på aromaterapi frå 2004 viser at kreftpasientar opplever at massasje og aromaterapi gir symptomlindring og betre livskvalitet. Studiar av angstreduksjon frå Cochrane Library viste at to av tre forsøk hadde målt livskvalitet, og dei rapporterte tydeleg betring. I det tredje fann ein ingen effekt. Ein fann smertereduksjon i tre studiar med planlagde tiltak for å studere effekten av nettopp dette. I to forsøk opplevde pasientane mindre kvalme enn dei som ikkje fekk behandling.
  2. Ein studie utført av Rogalandsforsking, Institutt for forskingsmetode, ved bedrifta Eurest i mai 2000: “Forsøk med aromaterapi ved Eurest. Evaluering av aromaterapi som tiltak for bedret helse, arbeidsevne og velvære”, viser at aromaterapi kan ha ein positiv effekt i forhold til muskelsmerter. I tillegg gir aromaterapi ei moderat betring av arbeidsevne og oppleving av velvære.