Klassisk Massasje - Muskelspenningar
Klassisk massasje
er ei av dei viktigaste behandlingsformene mot muskelspenningar og har stor
betyding for velvære for kropp og sjel. Massasjen vil vera førebyggande og
lindrande. Den viktigaste
oppgåva er å løyse opp spenningar i muskulaturen. Spenningar kan oppstå på
grunn av dårleg arbeidsstilling eller overbelasting av ein eller annan art.
Andre grunnar kan ha meir psykiske årsaker som stress, uro og angst.
Spenningar set seg i kroppen og kan ofte gi smerter i rygg, skuldrene,
nakke, hofter og kne.
Slik er behandlinga
Ein konsultasjon startar gjerne med ei utspørjing der behandlaren kartlegg
helsetilstanden og spør om kvifor du har kome til behandling. Under
behandling ligg ein på ein behandlingsbenk i undertøyet med eit handklede
eller teppe over seg. Dette dekkjer område på kroppen som ikkje blir
massert. Den klassiske massasjen består av bindevevsmassasje, lymfedrenasje
og akupressur. Mange opplever behandlinga som behageleg og avslappande.
Rygg-, nakke- og skuldermassasje
Dette egnar seg spesielt godt ved smerter og stivheit i dei nemnde områda.
Stram muskulatur i nakke og skuldrer kan vera årsak til hovudverk og
svimmelheit. Behandlinga verkar med avspenning og løyser opp i
muskelspenningane. Hard og stram muskulatur blir strekt og tøygd for å auke
blodsirkulasjonen og få reinsa ut avfallsstoff. Massasjen aukar
endorfinproduksjonen i kroppen, noko som fører til smertelindring og
velvære. Samtidig blir nivået av stresshormon redusert. Massasjen blir
utført med planteoljer som kan vera blanda med velluktande eteriske
planteoljer. Dei eteriske oljene har ulike terapeutiske eigenskapar som kan
forsterke effekten av behandlinga.
Massasjeterapeutisk behandling
Som massasjeterapeut beherskar eg fleire ulike metodar og teknikkar for
massasje. Eit felles mål er at massasjen skal løyse opp og motverke
muskelspenningar.
Følgjande metodar / teknikkar kan brukast ved ei massasjeterapeutisk
behandling:
Triggerpunktmassasje, Bac Shu, energimassasje og bindevevsmassasje.
Triggerpunkt er ei av dei mest vanlege årsakene til smerte i muskulatur og
ledd. Med trykk, massasje, ising og muskeltøyingar kan desse punkta slutte å
gi smerteoppleving. Massasjeterapeutisk behandling kan difor variere mykje
frå klient til klient. Kvar behandling blir avslutta med massasje.
Behandlinga kan enten vera retta mot å førebyggje, eller å behandle bestemte
problem som vonde skuldrer, nakkesperre, ryggvondt, leddproblem,
tennisolboge, hovudverk med meir.
Registrert tankefeltterapeut MNLH
Naturterapeut / homøopraktikar og biolog
Unni Klubben Håbrekke
Soneterapeut
Diplommassør
Tel: 997 38 133