Fotsoneterapi
Fotsoneterapi
er ei av dei eldste kjente formene for å stimulere kroppen til å
lege seg sjølv. Metoden var brukt i Kina, India og Egypt for 5 000 år sidan,
men vart oppdaga på ny i 1917.
Fotsoneterapi / Øyreakupunktur
Både fotsoneterapi og øyreakupunktur er refleksterapiar. Det vil seie at
heile kroppen speglar seg av i foten og i øyra.
Når dei aktuelle reflekssonene blir stimulert oppstår ein balanserande
effekt i tilsvarande organ. Behandlinga vil i tillegg stimulere kroppen til
auka utskiljing av avfallstoff.
Ved fotsoneterapi kan ein til vanleg oppnå at blod- og lymfesirkulasjonen
blir stimulert når denne frå før er dårleg.
Ei kjensle av ro og velvære i kroppen er vanleg under og etter ei
behandling.
Symptomreaksjonar ved behandling
Ved å reversere ein ubalanse som fører til helseproblem, kan ulike symptom
gjere seg gjeldande i ein kort periode. Ofte kan dette merkast sjølve
behandlingsdagen og ein til to dagar etter behandlinga. Sjølve behandlinga
kan vera smertefull. Pasienten opplever likevel i dei fleste tilfelle
behandlinga som ein “lettelse”.
Pasienten kan oppleve generelle symptom som hovudverk, trøttheit, diaré,
sveitting, utskiljing frå slimhinnene og auka urinering. Desse symptoma er
forbigåande og blir tolka som teikn på avgifting og stimulering av kroppen
si evne til å lege seg sjølv.
Kven kan ha nytte av soneterapi?
Barn reagerer lettare på soneterapi enn vaksne. Soneterapi egnar seg difor
godt til behandling av fleire typar lidingar hos barn, til eksempel
kolikksmerter, diaré og stadige luftvegsinfeksjonar. Eldre pasientar
reagerer til vanleg tregare. Likevel kan soneterapi ha ein viktig funksjon i
eldreomsorga. Lengda på behandlinga og behovet for fleire behandlingar vil
variere med problemtype og alder.
Kombinasjon med anna behandling
Soneterapi vekar først og fremst ved å stimulere pasienten si eiga evne til
å lege seg sjølv. Behandlinga kan også gi indikasjonar innafor eit vidt
område. Difor kan det i ein del tilfelle vera aktuelt å kombinere
behandlinga med anna naturmedisinsk behandling. Det kan vera urtemedisin,
øyreakupunktur, otopati (øyrelysbehandling), CITE-behandling og fotbad.
Til eksempel kan øyrelysbehandling vera gunstig for tinitus (øyresus),
øyrebetennelse, trykkproblem, og biholebetennelse med meir.
Registrert tankefeltterapeut MNLH
Naturterapeut / homøopraktikar og biolog
Unni Klubben Håbrekke
Soneterapeut
Diplommassør
Tel: 997 38 133